Please enable / Bitte aktiviere JavaScript!
Veuillez activer / Por favor activa el Javascript!
Reven og storken
Reven og storken
loading...
Aktuelle Nachrichten Spiele Bilder Musik Filme,Video Fabeln,Märchen Meine Freunde Feiertage Unterricht impressum
Лиса и журавль Лисицата и щъркелът Der Fuchs und der Storch The fox and the stork El zorro y la cigüeña Le Renard et la Cigogne キツネとコウノトリ 狐狸和鹳 Lis i bocian लोमड़ी और सारस Η αλεπού και το λελέκι Räven och Storken 여우와 황새 A raposa e a cegonha La volpe e la cicogna
Лисица и рода Лисиця і журавель Liška a čáp สุนัขจิ้งจอกกับนกกระสา A róka és a gólya Лисицата и штркот Ræven og storken Vulpea şi barza الثعلب و اللقلق Tilki İle Leylek Burung Bangau dan Rubah Лисиця і журавель Reven og storken De vos en de ooievaar Kettu ja haikara
روباه و لک لک Cáo và Cò Azeria eta zikoina השועל והחסידה - ז'ן דה לפונטיין Refurinn og storkurinn Líška a bocian Արագիլն ու աղվեսը Lisica in štorklja La guilla i la cigonya Dhelpra dhe lejleku Lapsa un stārķis Kaval rebane ja rumal toonekurg ನರಿ ಹಾಗೂ ಕೊಕ್ಕರೆ
Anaglyf

Reven og storken


Det var ei tid då reven og storken gjesta kvarandre og verka som dei var venner.
Reven baud den langnebba fuglen til middag. "Eg håper du ikkje har noko imot
at vi et av same fat for å vise vennskap og tillit," sa den.

"Nei, slett ikkje," sa storken høflig.

For skjemt sette reven fram ein brei, flatbotna bolle med tynn suppe mellom dei.
"Ver så god, ta godt for deg og signe maten!" sa han, og så tok den til å lepje
i seg suppa med den lange tunga si.

Storken stod på dei lange beina sine og stakk det tynne nebbet ned i suppa,
men fekk ikkje i seg så mykje før reven hadde drukke bollen tom. Det enda
med at storken måtte gå heim like svolten som den kom, mens reven hadde ete seg mett.

Nokre dagar etter var det storken sin tur til å by reven til middag, og reven kom.

"Vi storkane et også av det same fatet som gjestane våre. Er det greitt for deg?"

Det var det, svara reven.

Storken sette fram suppe i ein tynn, langhalsa mugge med trong opning.
"Ver så god, ta for deg!" sa den til reven, og stakk det lange nebbet sitt
ned i muggen. "Ah, åh! Det smaker jammen godt!"

Reven fekk ikkje snuten sin ned i muggen, han kunne berre kjenne suppelukta.
"Men eg bør ikkje klage," sa han til seg sjølv då han gjekk heimover til
skogen og var like svolten som då han kom. "Det var jo eg som lærte storken
den matskikken!"

"Eg vil ikkje seie orsak for serveringa, eg heller," sa storken der han stod
att, "for fantestreken til reven var den andre verdt."

www.aliceswonderland.eu www.aliceswonderland.euwww.aliceswonderland.eu Spiderwww.aliceswonderland.eu www.aliceswonderland.euwww.aliceswonderland.eu
© 2006-2019 www.aliceswonderland.eu
All rights reserved


















eXTReMe Tracker